Er Jorunn i selet?
27. okt 2022 Mental Helse Fjord

I vakre haustfargar til Mosætra

Natteregnet ga seg. Det letta, og vi var klar for tur til seters.

Vi korta ned på turlengda ved å gå frå Josætra og utover lia til Mosætra. Det siste regnet bløtte stien og omgjorde det mangefarga bladteppet på stien til glatte steinar og sti. Viktig å sjå seg føre kvar vi sette føtene. Men, hausten med fargespelet og den gode lufta er ei fantastisk fin tid. Vi skriv 17. oktober, men det kan verte mange liknande turar før snøen breier seg i høgda.

Etter vandring i skogen som er i ferd med å legge av seg sommarkleda, kom vi til velstelt setervoll. Rusla opp til gapahuken med storslagen utsikt over seterområdet, bygda og fram i Røysetdalen. Kjekt å sette seg ned på benkane i gapahuken og sette til livs nista. Dei som registrerar Stikk-ut-turar, fekk ein til i samlinga si. Vi rusla rundt på vollen og fram på kanten ved Jorunn sitt sel. Må nyte den unike utsikta.

Seks av turgåarane valde å gå ned att Nakkeråsa medan tre gjekk tilbake til Josætra. Kjekt at ein kan veksle på stiane i området. (Foto: Annie og Anna Margrethe)

Flere saker fra Mental Helse Fjord