I pausane samla vi oss i foajeen.
9. okt 2022 Mental Helse Fjord

La Traviata på Opera Nordfjord

Vi var ti stykker som reiste til Nordfjordeid og opplevde La Traviata som vert sett på som ein av dei fremste operaene og har ein enorm popularitet.

Då operaen først vart oppført i 1853 var den ein fiasko. Etter kvart har den oppnådd ein svært stor popularitet.

I kortversjon handlar operaen om selskapsdama Violetta Valery og kunden Alfredo Germont som forelskar seg i henne, ei tabbe. Og ho i han. Det var vanleg at menn i overklassen i England og Frankrike i den tida hadde elskarinner i lågare klassar og støtta dei økonomisk. Den fornemme faren hans, Girgio Germont, pressar Violetta til å avslutte forholdet fordi det vil skape skandale at sonen er saman med ei selskapsdame. Ho vert dødssjuk av tuberkolose som ikkje var uvanleg for selskapsdamene og dramaet går sin gang, men alle rekk å tilgje kvarandre før ho døyr.

Det er andre gongen vi reiser til Nordfjordeid på opera. Tidlegare år har vi vore på opera i Kristiansund. Kvar gong er det like kjekt. Opera er eit fantastisk krydder.

Flere saker fra Mental Helse Fjord