Triveleg med stand
Som vanleg hadde vi stand både laurdag og sundag på Stordalcup. Her vert lokallaget sett, og vi kan formidle kva vi driv med i Mental Helse, særleg lokalt. Også i år erfarte vi at quiz skaper kontakt og engasjement.
I hallen var ulike stand plassert langs tre av veggane, somme hadde sal av varer og produkt, andre – lag og organisasjonar – for å vere synlege og formidle kva dei driv med. Folk rusla rundt, slo av ein prat. Somme handla. Som vanleg var det grilling og sal av grillmat ute, og i hallen var det baguettar, frukt, kaker og drikke å få kjøpe.