Vi treng kvarandre. Løft blikket!
Overskrifta er tema for årets verdensdag. Vi skal markere den på sjølvaste Verdensdagen for psykisk helse som er måndag 10. oktober. Det skjer i Stordalshallen kl. 19:00.
Verdensdagen vert markert i over 150 land, og psykisk helse vert sett på dagsorden.
Årets tema tek for seg korleis einsemd og utanforskap påvirkar den psykiske helsa, og oppfordrar til å skape fleire møteplassar der fleire kan høyre til. Stader der menneske kjem saman er viktige for både fellesskapet og helsa. Å ha felles mål og legge opp til aktivitetar der ulike personar kan arbeide med noko saman aukar tilhøyringa. Under pandemien opplevde vi korleis det var å ikkje kunne møtast og kjenne på uroa som følgde med.
Inspirator og coach Audhild Mork som har lang og brei leiarerfaring, vil halde foredrag om temaet. Siste åra har ho arbeidd med utvikling av menneske og organisasjonar, der ho jobbar med løysingsorientert tilnærming og er inspirator. Big Valley Voices vil stå for det kulturelle med song.
Mental Helse Stordal i samarbeid med Stordal Helselag og frivilligsentralane i Fjord kommune står for markeringa av Verdensdagen for psykisk helse. Takk til Stordal Helselag og Sparebanken Møre som sponsar arrangementet saman med Mental Helse sentralt og lokalt.
Arrrangementet er gratis, og alle er hjarteleg velkomne!