Etter fin tur over fjorden er det tid for å gå på land og ta fatt på vegen opp til Christian Gaard Bygdetun.
1. okt 2022 Mental Helse Fjord

Trandal - ein stad du aldri gløymer

Endeleg vart ein lenge ønska tur gjennomført. Ein flott tur sjølv om ikkje veret var det aller beste.

Vi var sytten som reiste, fordelte oss på fem bilar, køyrde til Solavågen og ferja i 25 minutt over til Festøy. Langs Hjørundfjorden følgde vi ein smal veg med mange utkøyrsle, passerte hytter og gardsbruk i eit flott landskap med skogkledd li på eine sida og fjorden på andre sida inn til Standal. Der opna ei finbygd seg mellom fjella med ferjekai og rikeleg med parkeringsplassar.

Eigenleg skulle vi ta ferja frå Standal over til Trandal, men eine ferja svikta grunna tekniske årsaker. Difor valde vi å bruke skyssbåt over fjorden til og frå Trandal. På heimvegen la skipperen ei lita sløyfe ut til Trandal og fortalde om bedrifter og busetnad.

Trandal har eigen song på fleire vers. Nedanfor er dei to første:

For den som ikkje veit kvar Trandal hen seg gøymer så er det ganske greitt ein stad du aldri gløymer!

Blant høge fjell og stup
ved Hjørundfjordens djup
Bak evig snø kor fonner går
ligg bygda vår!

Vi hadde ein flott og opplevelsesrik tur til ein heilt spesiell stad, ei perle ved fjorden.

Flere saker fra Mental Helse Fjord