Dei frammøtte var godt vaksne. Framtidsfullmakt er også viktig for unge.
6. sep 2022 Mental Helse Fjord

Framtidsfullmakt bør alle over 18 år ha

Rådgjevar Synnøve Karlsen i Justis- og vergemålsavdelinga ved Statsforvaltaren sitt kontor orienterte om framtidsfullmakt 31. august i Stordalshallen.

Innleiingsvis orienterte ho om fullmakt, legalfullmakt, vergemål og framtidsfullmakt, og kva som ligg i dei ulike ordningane.
Framtidsfullmakt vert regulert av vergemålslova kapitel 1a, og er eit privat alternativ til vergemål. Framtidsfullmakt (FF) gjeld medan ein lever; testamente etter ein er død.

Ein bør vere tidleg ute med å skrive FF, gjerne som ungdom. Den kan oppdaterast, endrast gjennom livet. Bl.a. kan tillitsforholdet til fullmektigen ein valde endre seg, og då kan ein velje ein annan.

Den som skriv FF må vere over 18 år og forstå innhaldet. Ein skal vi skrive ned interesser som er viktige for oss, og som vi ønsker skal bli tatt vare på dersom noko skulle skje med oss. Sjukdom eller ulykker kan gjere at vi plutseleg ikkje lenger klarer å ta vare på interessene våre sjølv. I FF skal vi også skrive namnet på den som vi ønsker skal ta vare på interessene våre. Når ein underteiknar FF skal to vitne vere til stades og signere på formularet. Det er ikkje nødvendig å bruke advokat.

Orginalen bør oppbevarast trygt. Den skal ikkje sendast til statsforvaltaren. Det er legen som bestemmer når FF skal setjast i verk.

På nettsidene ligg informasjon om FF, og ulike aktørar tilbyr hjelp og krev gjerne betaling. Gå heller inn på nettsidene til statsforvaltaren. Der ligg informasjonen du treng, samt eksempel på framtidsfullmakt. Alt der er gratis.

Her er linken: https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/verjemal/alternativ-til-verjemal/framtidsfullmakt/

Flere saker fra Mental Helse Fjord