Framtidsfullmakt er viktig for den som vil ha nokon til å ivareta interessene sine dersom ein ikkje vert i stand til det sjølv.
26. aug 2022 Mental Helse Fjord

Det gjeld framtida di!

Det handlar om: Kven skal ivareta interessene dine dersom du ikkje klarer det sjølv?

Ei framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vanleg vergemål. Demens og anna alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gong i framtida treng hjelp. Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på skal ta vare på interessene dine den dagen du ikkje klarer det sjølv.

Møt opp, få informasjon. Det er høve til å stille spørsmål.

Mental Helse Stordal som i september 2022 tok opp saka med eldrerådet i Fjord kommune og oppmoda dei til å arrangere eit møte om framtidsfullmakt, er svært glad for at møtet vert gjennomført.

Flere saker fra Mental Helse Fjord