Kokarsteinen til glede
Denne sommaren har vi lært at ustabilt ver er stabilitet. Kokarsteinen var utgangspunkt for denne måndagsturen.
Alltid fint å gå gamlevegen frå Kokarsteinen inn til Dyrkorn. Omlag halvveges er det stikkutpost med registrering for dei som har lagt inn appen. Langs vegen er det eit utal små og store vokstrar. Den mest interessante denne gongen er eit morelletre på nedsida av vegen. Det har strekt seg langt opp langs vegmuren og lokkar turgåarar med fine bær. Fleste umodne, men nokre var raude og fine. Dei freista oss til plukking og eting. Smakte godt. Om ei veke er vel resten modne. Men ein bør ha med seg eit høveleg reiskap for å nå greinene.
På Dyrkorn vart det ein rask diskusjon om ullkledeutsalet er ope.Eit skilt synte det, men butikklysta roa seg ned. Heile gjengen snudde og sette kursen tilbake til utgangspunktet. På Kokarsteinen stod døra innbydande open. Berre å finne seg ein plass med utsikt over fjorden og til fjella på andre sida. Hurtigruta sig sakte innover med kurs for Geiranger, bryt blanke fjordspegelen, lagar bølger som breier seg mot land, men dovnar av før dei når fast grunn. Smaka godt med softis og kaffi under praten.