Vi var ti som møtte frå Mental Helse Stordal. Utsikta var fantastisk i det vakre seinsommarveret.
24. aug 2022 Mental Helse Fjord

Lokallagstreff i Ålesund

Det er tradisjon i fylket vårt at eit lokallag inviterer alle dei andre lokallaga til treff. Denne gongen var Mental Helse Ålesund vertar.

Endeleg, etter dei to covidåra som sette stopp for dei årlege treffa, kunne MH Ålesund gjennomføre sitt planlagde treff. Dei inviterte oss til Fjellstua med magisk utsikt over vår vakre sunnmørsby, øyane og landskapet rundt. 68 frå åtte lokallag møtte. Vi fekk velje mellom fiskesuppe, lapskaus og bacalao. Lokallaga orienterte om aktivitetane og drifta si. Alltid kjekt å få innspel og idear, og ikkje minst utveksle erfaringar. Etter ein strekk ut i det vakre seinsommarveret, samlast vi igjen, no til marsipankake og kaffi/te som punktum for treffet.

Flere saker fra Mental Helse Fjord