Rundt 30 deltok på turen i fint turver. God utsikt herifrå til neste-delen av Skodjestølen.
23. aug 2022 Mental Helse Fjord

Saman med LHL på tur

Triveleg å komme i gang att med måndagsturane etter ferien.

LHL sin tur 15. august gjekk til Skodjestølen på kveldstid. Vi slo oss saman med dei. Kjekt å treffe andre trimmarar og gå saman med dei, verte kjende. Turen gjekk på fin grusveg, og mot slutten vart det litt brattare utan at det gjorde at nokon gira ned. Vel framme, fann vi plass på benkar og fint berg med utsikt ned til andre delen av stølen. Til triveleg prat gjekk nista lett ned.

Flere saker fra Mental Helse Fjord