Politi
Medan festen stod på kom to politi inn i lokalet utan at det la noko dempar på oss. Triveleg besøk.
1. jul 2022 Mental Helse Fjord

Sommarfest med politibesøk

I år som tidlegare år avslutta vi første halvåret med sommarfest på frivilligsentralen. Det har vorte ein fin tradisjon.

Svært kjekt at det møtte 34 og sessa seg ved dei to festpynta langborda med havet som tema. Denne gongen hadde vi ein trubadur saman med oss, Bernt Fylling frå Fiksdalen. Som begynnelse på festen vart Erik Bye si vise “Vår beste dag” sungen som allsong før fiskesuppe med brød til vart servert.

Sommarvarmen var komen attende til oss, og vi måtte sette opp døra ut mot gata. Inne gjekk praten lett og vart vel omsett til ein jamn dur for dei som gjekk forbi utanfor.

Etter måltidet spelte Bernt på gitar og tok oss med i allsang på eit knippe av kjende songar. Han oppfordra oss til å komme med ønske også. Inni mellom fortalde han vitsar som fekk latterdørene på vidt gap. Etter innslaget hans var det tid for kaffi og å forsyne seg av kakebordet. Så er det slik at når vi kjem i lag, så er det kjekt å pratast. Medan praten gjekk som best kom det inn to politi. Lydnivået vårt var høgt, men utan utagerande festing. Politiet slo av ein hyggeleg prat, men diverre hadde dei ikkje tid til kaffi og kaker før dei reiste vidare.

Takk til Marit og Ingebjørg som laga den fine sommarfesten.

Flere saker fra Mental Helse Fjord