I gapahuken
I den romslege gapahuken var vi over 30, men det var plass til fleire. (Foto: Brit Skjelten)
28. jun 2022 Mental Helse Fjord

I Gjersetdalen

Haram har mange flotte turmål. Eitt av dei er vandring på grusvegen rundt Synnalandsvatnet med avstikkar til Gjersetdalen med gapahuk og gildehall.

Førre tur der vi gjekk saman med LHL ga meirsmak. Kjekt å treffe og verte kjend med andre på tur. I framtida vil vi legge opp til fleire turar saman med LHL. Vi har mykje flott natur å vandre i.

Denne gongen dura vi til Haram, parkerte ved enden av Synnalandsvatnet, vandra på fin grusveg til andre enden av vatnet, tok av oppover ein kneik mot Gjersetdalen. Eit nytt vatn dukka opp, Gjersetvatnet. Etter ei lita høgd går vegen nedover att, og det dukka opp fleire bygningar med ein fint opparbeidd plass rundt ved vatnet. Eine bygget – ein gapahuk- , med drakehovud på, ligg gøymt i terrenget som ei slakk høgd under lyngkledd torvtak som går ned i terrenget rundt. Bygget er svært romsleg med benkar langs ytterveggane. I midten av taket er ein stor inngjerda ljore som slepp lyset inn og røyken ut. Over 30 er samla med plass til endå fleire. Turgåarane har med grillmat til å legge på grillen som er klar med glødande kol. Smakar godt med mat.

I området er det forsamlingslokale kalla, Gildehall, og naust i tillegg til gapahuken som ligg på ein tange i vatnet. For å skape eit slikt område, står det alltid eldsjeler bak. Så ber det heim att på andre sida av Synnalandsvatnet. Turen på grusvegen rundt vatnet er fem kilometer med lysstolpar. På vegen trefte vi ein syklist, joggarar og andre turgåarar. Tydeleg populært turområde med variert turveg med små bakkar, flater og litt nedoverbakke. Midt i blinken.

Dette er siste turen før vi tek fri i juli. Takk til alle for triveleg tur og samvær.

Flere saker fra Mental Helse Fjord