I første tursykkelen som vart heia inn på allmenningen sat Lidny og Elise.
24. jun 2022 Mental Helse Fjord

Sykkelturen - Frivilligheita sitt år

I Stordal vart den landsomfattande Sykkelturen markert med sykkeltur 16. juni frå Øvrebust til sentrum med fleire arrangement.

Sykkelturen vert gjennomført ved samarbeid mellom Norges Frivilligsentral og dei lokale frivilligsentralane som eit signalarrangement i anledning frivilligheita sitt år 2022. Arrangementet starta på Nordkapp og skal innom alle fylka i landet før det endar på Arendalsveka i august. Frivilligheita med sine tilbod er svært viktig for samhald i lokalmiljøet. I Stordal stod frivilligsentralen for arrangementet. Organisasjonar og lag vart inviterte til å delta med arrangement eller vere heiagjeng. Sykkelturen starta på Øvrebust i elektriske passasjersyklar. Ved Joker (som er ein av hovudsponsorane) var det stans. Der fekk alle deltakarane ein matbit, is og noko å drikke til før turen gjekk vidare til sentrum der mange hadde samla seg på allmenningen.

Flere saker fra Mental Helse Fjord