Kjekt med stand på Stordalscup
Etter dei to coronaåra kunne Stordal Idrottslag igjen gjennomføre sin årlege fotballfest.
Sjøvsagt stilte vi med stand inne i hallen slik vi har gjort i fleire år. Kjekt å syne kor viktig organisasjonen Mental Helse er, og ikkje minst kva vi i lokallaget driv med. På stand er det engasjerande med quiz. Tradisjonen tru, hadde vi det også i år, og i tillegg anagram for første gong. Gotteriskålene våre var til glede for borna. Alltid triveleg å treffe folk på stand.
Vi gratulerer idrettslaget som feira 40-årsjubileum for Stordalscup (to år forseinka grunna coronaen). Laget gjennomførte også i år ein flott to-dagars fest med fotball for aldersbestemte lag og eldre, aktivitetar, underhaldning, messe, grill og kafe. Triveleg og sosialt.