Så kom Brit i full fræs inn på oppmøteplassen.
30. mai 2022 Mental Helse Fjord

Kråkvika

Siste måndagsturen i mai la vi til Romsdalen, nærare bestemt til Vestnes.

Mai kan vere lunefull. Natt til sundag la det seg snø ned i fjella med surt ver gjennom heile dagen. Men yr.no lova godver på måndagen. Lovnaden slo til med sol frå mest skyfri himmel. I fjor vandra vi “fjordlangs” til Hageneset. Denne gongen la vi ruta mot Kråkvika. Berre å labbe i veg frå sentrum, gå under brua ut til ferjekaia. Floa er på veg inn i fjordbukta, sjøvatnet pressar på i den tronge passasjen under brua. Mest som vatnet kokar. Eit par måsar nyt massasjen i vatnet. Med rette har staden fått namnet Straumen.

Vi traskar vidare, først på asfalt og seinare på god grusveg langs vika før vegen deler seg og går inn i skogen og over til andre sida av neset. Der er det bygt ein liten pir ut i fjorden. I enden er ein inngjerda platting med bord og mange sitjeplassar som lokkar til pause. Berre å la auga sveipe roleg over det vakre landskapet rundt. Undervegs har vi møtt joggarar, ei som trilla barnevogn, ein mann med rolegare tempo, damer i stavgang og ein syklist. I vika sym ei svane roleg rundt utan å bry seg med oss tobeinte på land. Tydeleg at området er populært.

Det er sti vidare og gapahuk, men denne gongen vel vi å gå tilbake same vegen, og eit par av oss nyttar høvet til å registrere ein stikk-ut-tur.

Flere saker fra Mental Helse Fjord