29. nov 2018 Mental Helse Fjord

Stordalingar på bowling- og pizzafest i Valldal.

Sykkylven lokallag slo til og inviterte nabolaga til samling no i mørketida. I dette fine vinterveret var det mange som tok i mot invitasjonen.

Dei kom heilt frå Ålesund inn i denne «avkroken» som snart skal bli naboane deira. Inne på Kulå var det lyst i motsetning til ute. Etter ei stund small det i kuler og folk prata og kosa seg. Det vart konkurranse – vi stordalingar hadde ikkje noko von om å vinne – det var mest om å gjere å kome frå det med minst mogeleg skade på æra.
Nokre prøvde å bowle for første gong – det gav visst meirsmak. Stranda vart beste lag og Robin frå Skodje/Ørskog beste bowlar individuelt.

Når det gjaldt å ete pizza veit vi ikkje kven som vann, heller ikkje om der var nokon konkurranse. Gode var dei i alle høve!
Takk til Sykkylven som arrangerte og spanderte! Dette var ein triveleg kveld!

Flere saker fra Mental Helse Fjord