Kart
Ved avkøyrsla står denne infoen om Dyrkorn. Vegen kronglar seg smal og bratt i hårnålsvingar opp gjennom bygda.Takk til Palma Flåen Øvrebust for triveleg tur.
6. jun 2019 Mental Helse Fjord

Turgåing og historie hand i hand

Vi brukar å arrangere eigne turar kvar veke, men denne gongen «heiv» vi oss på Vekas tur som er eit fellesopplegg Stordal og Norddal kommunar står bak. Triveleg og sosialt å treffe turgåarar frå nabokommunen også.

Turen syner at i nærmiljøa er det både vakker natur og spennande historie. Det er ikkje alltid nødvendig å reise langt for dei gode opplevingane. Berre å ta seg tid til å tenkje etter og nyte perlene vi har rundt oss. Mange hastar av garde gjennom Dyrkorn som ligg inneklemt mellom Stordalstunellen og Dyrkorntunellen. Nedbremsinga frå 80 km/t til 50 er vel det ein merkar mest. Palma fortalde om tidlegare tider og om stadene vi passerte på vandringa opp gjennom bratte bygda. I artikkelen vert det teke med nokre smakebitar.

Flere saker fra Mental Helse Fjord