Variert tur over Jarskar
Rundturen er skiftane i terreng og utsikt.
Frå Vestre traska vi på asfalt eit stykke oppover. Regnyret heng i lufta og lurer med nokre lette dropefnygg på oss. Tok så av til venstre på ein skogsveg i oppoverbakke. Pulsauke gjer godt, fræsar opp blodpumpa og skrotten. Praten minkar i takt med aukande pust og pes. Så ein stans før siste kneiken opp til høgda vert gjennomført. Det ber fort avstad vidare på flate skogsvegen som går over i sti i lett kupert terreng. Vandringa i terrenget styrker balansen og aukar spensten. Fint å gå, forserer ei nesten tørrlagt elv med nylagde steinar til å stige tørrskodd på over. Så ber det nedover til eit gjerde med grind. Smett gjennom grinda. Tek ei kvild på benken attmed stikk-ut-posten. Registrerer turen. Nyt utsikta med fuglekvitter til. Dagen er herleg.
Vi har gått her før fleire gonger, likevel er turen like kjekk kvar gong å gå med fint utsyn og nytt å sjå. Vegstrekkja ned til gangvegen går lett. Så er vi over på asfaltert veg att, og legg om til spaserertakt. To saueflokkar kikar nysgjerrig på oss vandrande tobeinte. Gidd ikkje helse oss med eit bræk.
Neste måndag går turen til Vestnes. Annie vil guide oss. Etter vandringa samlast vi på den nye kafeen.