Deltaking i beredskapsrådet i Fjord kommune
Torsdag 19. mai vart det halde møte i beredskapsrådet i Tafjord, der Tafjord Kraft som vertskap hadde omvisning på Tafjord 4.
Beredskapsrådet skal vere eit tverrfagleg koordinerande samordnings- og informasjonsorgan. Rådet er samansett av medlemmar i kriseleiinga og andre sentrale samfunnsaktørar. Rådet skal vere eit forum for gjensidig informasjonsutveksling om beredskapsmessig status. Det skal og vere eit rådgjevande organ for kriseleiinga. Beredskapsrådet skal ha minst eitt møte i året, og beredskapsansvarleg kallar inn til møte.
Beredskapsrådet har slik samansetting:
• Kriseleiinga
• Leiar fellestenestene
• Leiar kriseteamet
• Ansvarleg EPS-senter
• Leiar for NAV
• Beredskapsansvarleg Helse Midt
• Mørenett, v/lokal leiar
• Tafjord Kraftproduksjon, v/dagleg leiar
• Ørskog energi v/leiar
• Norddal/Eidsdal Røde Kors
• Stordal skipatrulje
• Valldal bygdekvinnelag
• Mental Helse Stordal
• HMS-ansvarleg Muritunet
• Leiar næringsforum
Storfjord HV-område v/områdeleiar
Kraftverksjef Svein Gunnar Remme tok mot oss ved kraftverkstasjonen. Vi hadde på oss vest og hjelm, samt fekk øyreproppar, før vi gjekk inn i Tafjord 4 der han viste oss rundt og orienterte. Kraftverka utgjer eit nettverk av magasin og stasjonar slik at vatnet som når Tafjord 4 vert brukt fleire gonger før det renn ut i fjorden. Han fortalde at kraftverket ligg heilt ned på 8 meter under fjordnivå. Vatn er største trusselen. Vert det sprekk i ei rørgate, vert stasjonen fylt med vatn. Eksplosjon er også ein trussel. Difor er det viktig med kontinuerleg tilsyn. Ein ny stasjon vil koste omlag 1,2 milliardar kroner.
Etter omvisninga hadde vi møte på den fine og frittliggande skulen som ikkje er i bruk som skule meir. Ordførar Eva Hove leia møtet, og dei ulike aktørane orienterte om utfordringar i sitt felt og kva dei kan bidra med i ein krisesituasjon. Dei har rutiner og gjennomfører øvingar for å vere handlekraftige i ein eventuell krisesituasjon. Frå lokallaget vårt møtte Anna Margrethe. Ho sa at vi som frivillig organisasjon har medlemmer med ulik bakgrunn og lokalkunnskap. I ein krisesituasjon kan vi t.d. ordne med møteplass og bidra praktisk.
Avslutningsvis nemnde ordføraren at ein tek sikte på nytt møte om ca. eitt år, og det kan truleg haldast på den nye brannstasjonen i Stordal.