Etter ein fin gåtur langs Storelva samlast vi til triveleg prat og og ein matbit. Ekstra kjekt var det at ordføraren i sitt travle program kunne vere saman med oss.
6. mai 2022 Mental Helse Fjord

Alltid kjekt å treffast

Kvar torsdag frå kl. 11:00 og utover har vi fast møteplass på frivilligsentralen som har vaffeldag same dag.

Etter oppmøtet bestemmer dei frammøtte kvar turen skal gå. Den kan vere kort eller lang, og alle går så langt dei vil. Ønskjer ein ikkje å gå tur, er det OK. Noko seinare samlast alle ved langbord og nyt frivilligsentralen sine vaflar med rømme og syltety til ein kopp kaffe/te. Kjekt å samlast uformelt og la praten gå om laust og fast. Det fine med møteplassen, er at du kan møte dei dagane det passar for deg.

Har du lyst å vere med, så møt opp. Du er velkommen til å vere saman med oss!

NB! Etter planen skal det utførast vedlikehaldsarbeid siste veka i mai og første veka i juni, og frivilligsentralen vert stengt.

Flere saker fra Mental Helse Fjord