Gi tid!
Det handlar om å vere tilstades.
1. jun 2019 Mental Helse Fjord

Gi tid!

Ovanståande er det første temaet under paraplyen Oppmerksomhet og tilstedeværelse, som skal gjelde for 2019 – 2021 i markeringa av Verdensdagen for psykisk helse. Kampanjen i år oppmodar oss alle til å bruke tida på å gjere noko som er godt for helsa vår.

Verdensdagen for psykisk helse er ein internasjonal FN-dag som vert markert offisielt 10. oktober. Markeringa har spreidd seg til meir enn 150 land. Dermed er dagen den største globale markeringa for psykisk helse. I fjor stod lokale arrangørar for meir enn 1500 ulike arrangement over heile landet vårt. Ein auke på 400 i forhold til 2017.

Det å vere til stades er bra og viktig for relasjonane våre, og sjølve grunnlaget for gode samtaler som igjen er godt for den psykiske helsa. Noko av det verste vi menneske opplever, er å verte avvist. I vår tid er det nok mange som opplever å «verte valde» bort til fordel for noko som er viktigare for den vi er saman med, det kan vere mobiltelefonen, TV, PC-en eller ei anna oppgåve. Kanskje samlast ein venneflokk, og mange er på mobilen i staden for å bruke tida på vennene. Ved å gje tid til oss sjølv, vil vi verte meir oppmerksomme på det som skjer rundt oss. Vi kan verte meir klar over kva som gjer oss glade og lære meir om oss sjølve.

Er du til stades i ditt eige liv? Er du til stades for andre? Har du ofte mobilen framme når du snakkar med andre, sjekkar du ofte mailen når du et middag, lyttar du og får du med deg det andre seier? Tenk gjerne gjennom spørsmåla.

I Stordal vert Verdensdagen for psykisk helse markert sundag 29. september i Stordalshallen. Det skal vere ope møte med skodespelar Per Christian Ellefsen som foredragshaldar.

På www:verdensdagen.no kan du lese meir om Verdensdagen og temaet i år.

Flere saker fra Mental Helse Fjord