Vi markerte den første turen på god grusveg med eit godt måltid i hyggelege omgjevnader på Stolt Mat.
29. apr 2022 Mental Helse Fjord

Hestvika og Elvastien

Vergudane bestemte seg, vrei verbrytaren frå sol og klår himmel i mange dagar over til regndrag i lufta.

Berre å finne fram att klede for kaldt verlag. Fint å møtast ved Ørskogkyrkja, vandre forbi nausta, opp bakken med Hestvika i sikte. I området ved vegdelet Postvegen og Hestvika var anleggsarbeid med graving, nedlegging av rør og påfylling i full gang. I vegen låg ein dunge med singel. Sjølvsagt smatt vi lettbeint over singeldungen og sette kursen mot Hestvika. Herleg å vandre utover på fin grusveg mellom fjorden og åsen.

Himmelen heldt seg gråtung og trua med regndropar som ikkje fall på oss. Vi rusla ned til badeplassen med fine berg og freistande benkar. Men dei lokka ikkje til kvile i dagens litt kalde ver. Heller komme attende ein varmare dag, bruke benkane og nyte staden. På andre sida av Ørskogvika dura bilane kvilelaust innover og utover. Der vann tyngdekrafta og sleppte ned regndropar.

Etter ein snørik etterjulsvinter med ver og føre som pressa oss til mykje inneliv, markerte vi første turen med eit hyggeleg måltid på Stolt Mat. – Og bestemte turmålet for komande måndag – Gausneset (steinbrotet).

Flere saker fra Mental Helse Fjord