Delegatane frå MH Stordal: Jorunn Vestre, Einar Søvik, Inger Dyb Søvik, Brit Skjelten og Arna Øvrebust.
27. apr 2022 Mental Helse Fjord

På fylkesårsmøte 2022

Fylkesårsmøtet vart gjennomført sundag 24. april på Vestnes med godt frammøte.

I tillegg til delegatane frå dei fleste lokallaga møtte også såkalla øvrige medlemmer frå nokre få lokallag. Alle desse har forslags- og uttalerett, men berre delegatane har stemmerett.

Svært hyggeleg at begge dei øvste leiarane i Mental Helse, landsleiar Jill Arild som er politisk leiar og administrativ leiar Linda Berg Heggelund, var saman med oss på fylkesårsmøtet. Før sjølve årsmøtet hadde Linda ordet og helsa årsmøtet. Etter konstitueringa, der Jill vart valt til møteleiar og tok over, vart dei vanlege årsmøtesakene behandla.

Omlag midt i årsmøtet orienterte Jill og Atle Tilseth om Strategi 2023 – 2033: Den nye frivilligheten.

Siste post på alle årsmøte er val. Det gamle styret fortsette vidare utan endring, og berre ein av vararepresentantane var ny.

Flere saker fra Mental Helse Fjord