Endeleg på tur att. Denne gongen ut i Stordalsstranda i vakkert etter-påskever.
26. apr 2022 Mental Helse Fjord

Ny møteplass er etablert

Stor interesse for og oppslutning om møteplass kvar torsdag.

21. april møttest 13 medlemmer og avgjorde korleis møteplassen skal vere framover. Vi møtest kl. 11:00 på frivilligsentralen og er samla i to – tre timar. Dei frammøtte avgjer kvar turen skal gå. Vil nokon vere i ro på møteplassen, er det OK. Etter turen samlast alle på frivilligsentralen og medlemmene får vaflar og kaffi/te til. Dei frammøtte avgjer om dei vil bruke noko av tida til ulike former for spele-aktivitetar. I tillegg til møteplassen vert det også lengre turar i regelen på måndagar.

Flere saker fra Mental Helse Fjord