Nytt: Fast treffstad på torsdagar
21. april er det oppstart av treffstad på frivilligsentralen i Stordal. Vi møtest kl. 11:00.
Etter frammøtet kan dei som ønskjer det, gå tur i nærmiljøet. Etterpå samlast vi på frivilligsentralen til prat og aktivitetar som medlemmene ønskjer å ha. Sidan det er vaffeldag på frivilligsentralen (kl. 10:00 – 14:00) kan det passe med kaffi/te og vaflar omlag kl. 12:00. Når vi møtest, diskuterer vi om vi skal ha treff kvar veke og korleis det skal leggjast opp.
Diverre har vi ikkje gjennomført måndagsturar i år. Det skuldast mykje det skiftande veret med snø. Styret har notert ned mange aktuelle turar å velgje mellom framover, og etter kvart vil det verte sendt ut sms om turar. M.a. er bowling på Kulå med i planene. Vi tek gjerne mot forslag.