14. feb 2019 Mental Helse Fjord

MH Stordal sitt 12. årsmøtet vel i hamn

Årsmøtet som er det høgste organet i lokallaget er viktige både for medlemmene og styret. Medlemmene får brei informasjon om drifta og kan også her komme med innspel.

Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet. Ingrid Løset vart valt til møteleiar med Marit Abelvik som årsmøtesekretær. Ingrid tok over og leia møtet med stø hand gjennom alle sakene på sakskartet medan vi åt kringle og drakk kaffi/te undervegs. Både aktiviteten og økonomien i laget er god.

Alle i styret med varamedlemmene vart attvalde samrøystes, Revisorane og valkomiteen fekk også fornya tillit.
Årsmeldinga 2018 og handlingsplan 2019 kan du finne på nettsida vår saman med årsmøteprotokollen, alt under dokument.
Etter årsmøtesakene var unnagjort orienterte fylkesfadder, Frode Lyse, om oppgåver og mål i organisasjonen vår, jf. fadderpresentasjonen fylkesstyret har.

Takk til alle frammøtte for eit konstruktivt og godt møte!

Flere saker fra Mental Helse Fjord