Oversiktsseminar til innsikt
Fjord kommune inviterte til seminar der målet var å få oversikt over situasjonen på rusfeltet og tiltak kommunen har, og gjennom oversikta få innsikt.
Innleiarane om temaene var representantar frå kommunen, interkommunalt barnevern, Nav, politi, ungdomsrådet og Kompetansesenter rus-Midt-Norge.
Av tala som var lagt fram, er inntrykket at bruken av alkohol i vår kommune er omtrent lik den på landsbasis. Vidare kom det fram at bruken av alkohol aukar med alderen og utdanningsnivået. Politiet fortalde at deira strategi er førebygging – vere proaktiv.
På www.ungdata.no finn ein kartlegging av ungdommen sin oppvekst og levekår. Utfordringa er korleis vi kan samarbeide i vår kommune og utvikle eit rusfritt ungdomsmiljø. I tillegg til fagfolket som hadde innleiing, var vi omlag 35 frammøtte. Mot slutten av seminaret hadde vi gruppearbeid som handla om vi kjende att bildet som vart presentert av russituasjonen i kommunen, korleis få til eit betre tverrfagleg samarbeid om tiltak på rusfeltet og korleis utøve det førebyggjande rusarbeidet.