Framtidsfullmakt - eit steg vidare
Etter oppmoding frå Mental Helse Stordal vil Fjord kommune arrangere møte om framtidsfullmakt i Stordal.
Ei framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vanleg vergemål. Demens og anna alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gang i framtida treng hjelp. Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på skal ta vare på interessene dine den dagen du ikkje klarer det sjølv.
I september 2020 sende Mental Helse Stordal brev til Fjord kommune v/eldrerådet og oppmoda det til å gjennomføre informasjonsmøte om framtidsfullmakt. Eldrerådet behandla saka i møte i november same året og stilte seg positiv til å gjere ordninga kjent for dei eldre i kommunen. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sa seg villig til å halde eit innlegg (fysisk eller digitalt) om framtidsfullmakten i eit ope informasjonsmøte, men grunna covid-19-pandemien vart planane utsett.
I februar i år kontakta vi kommunen på nytt og minte om saka, og ga uttrykk for at eit ope møte både i Stordal og Valldal er truleg den beste måten å nå målgruppa på, då langt frå alle i målgruppa brukar internett. Fjord eldreråd drøfta saka i marsmøtet sitt og gjorde slikt samrøystes vedtak:
Administrasjonen vert beden om å finne datoar til eit ope møte i Stordal og Valldal med tema framtidsfullmakt i regi av statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Invitasjon til møtet skal kunngjerast på ein måte at flest muleg i målgruppa vert nådd, til dømes via plakatar, annonsering i lokalavisene (Storfjordnytt, Bygdebladet), på Facebook og på kommunens heimeside.
Difor oppmodar vil alle om å følgje med i media om når og kvar møta vert haldne. Møta vert opne for alle interesserte.
Styreleiar i Mental Helse Stordal vil i tillegg sende sms til alle medlemmene våre når møtet vert annonsert.