Lærerikt organisasjonskurs
Helga 25. – 27. mars var via til kurs i vår vakre nordmørsby Kristiansund
Kunnskap om organisasjonen og organisasjonsarbeidet er alfa og omega for å verte trygg på oppgåvene som tillitsvald og gjere eit godt arbeid i rollen både i fylkes- og lokallag. Kurset handla bl.a. om tilbod i Mental Helse, styringsdokumenta våre (vedtektene, samfunnspolitisk program og strategi), styrearbeid (innkalling, førebuing av styremøte og årsmøte) og dei ulike styremedlemmene sine oppgåver. Organisasjonsboka er også eit nyttig verkty i arbeidet. Utfordringa er å repetere motteken kunnskap og bruke både den og dokumenta vi fekk når vi kjem heim att og skal utføre arbeidet vårt og bygge ein god organisasjon. Vi kan alltid verte betre ved å tøye oss mot høgare mål.
Etter to år med nedstenging av samfunnet var det ekstra kjekt å komme saman att og omgåast “normalt” i kurssamanheng. Triveleg var det også å samlast laurdagskvelden etter middag for å løyse anagram og konkurrere i Kahoot som Solveig var meister for.