Forfattar Marit Eikemo har mellom anna skrive bøkene Mellom oss sagt og synd.no.
2. mar 2022 Mental Helse Fjord

Forfattarmøte i Stordalshallen

I samarbeid med litteraturhus Møre og Romsdal har biblioteket skipa til forfattarmøte med Marit Eikemo og Jan Inge Sørbø om boka «Team Tuva», i Stordalshallen tirsdag 15. mars kl. 19.00.

Frå baksideteksten på boka:
Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgjevaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på. Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen.
Boka «Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Vel møtt!

Flere saker fra Mental Helse Fjord