Ordførar Eva Hove ønskte velkommen.
3. mar 2022 Mental Helse Fjord

Frivilligåret 2022 og Sykkelturen 2022

Alle lag og organisasjonar, frivillig, næringsliv og andre interesserte var invitert til ein kveld med informasjon, samhandling og kveldsmat tysdag 1. mars på Martin Lingehuset.

Det er frivilligsentralane som inviterer til det årlege frivilligforumet i kommunen som er ein samhandlingsarena for frivillig i Fjord kommune.

Ordførar Eva Hove tok fram at dugnad, der vi stiller opp for andre, er ein særnorsk tradisjon gjennom over tusen år. Vi har velferdstenester som vart sett i gang av organisasjonar og seinare overteke av det offentlege. Eit døme er helselaget i Stordal som tilsette og løna ein sjukepleiar i mange år.

Omgjort i pengar utgjer verdien av frivillig innsats kr 78 milliardar i landet vårt som tilsvarar 142.000 årsverk. I ei undersøking om frivilligheit i 2020 kom det fram at 55 % av alle i Noreg sa dei har utført frivillig arbeid. Omlag halvparten er knytta til idretten. For å sikre rekrutteringa, er det viktig å trekkje ungdommen med i frivillig arbeid slik at dei opplever verdien av det.

Elles tok ho m.a. fram Stortingsmeldinga “Leve heile livet” og at samspelet mellom det offentlege og dei frivillige er viktig for å oppretthalde det gode samfunnet. Dei sosiale møteplassane er viktige for at vi skal ha det godt. Å gjere noko for andre er også meiningsfylt, ein kjenner seg nyttig når ein opplever at folk møter opp på arrangementa og har det kjekt i lag.

Anna Lianes, rådgjevar Møre og Romsdal fylkeskommune, nemnde m.a. Fylkesstrategien for kultur 2022 – 2025 – den overordna strategien som ligg på fylkeskommunen si nettside. Elles er det mogeleg å søke tilskott til ymse formål, og det ligg informasjon på: Frivillighetens år 2022 (frivillighetensar.no). Seks rickshaw-syklar vert frakta rundt i Noreg til bruk for gjennomføringa av Sykkelturen 2022 som skal gå frå Nordkapp til Arendal. I vårt område skal sykkelturen ha slike etappar: Frå foten av Trollstigen og opp på platået, Hoelsfossen til Sylte og frå Øvrebust til sentrum i Stordal, og den skal gjennomførast torsdag 16. juni.

Til slutt hadde dei frammøtte idedugnad om kva arrangement ein kan få til der sykkelturen går.

Flere saker fra Mental Helse Fjord