Årsmøtet 2022 er gjennomført
På årsmøtet var det godt frammøte; 19 medlemmer møtte sjølv om veret ikkje var det beste.
Styreleiar Anna Margrethe ønskte medlemmane velkomne og opna møtet. Ingrid vart samrøystes vald til møteleiar med Anna Margrethe som sekretær. Årsmeldinga synte at det var gjennomført mange aktivitetar sjølv om smittevernreglar til tider la ein dempar på lokallaget. Den reviderte rekneskapen synte god drift. Som tidlegare år innstilte styret på at det ikkje skal betalast honorar til styret. Årsmøtet godkjende både årsmelding og rekneskap og slutta seg til at styret ikkje skal ha honorar.
Neste sak på årsmøtet var innføring av Retningslinjer for valkomiteen. Etter litt ordskifte kom årsmøtet fram til at ein skal sjå meir på retningslinjene til neste årsmøte. Forslaga til både handlingsplan og budsjett som la opp til litt auke i aktivitetane vart også vedtekne.
Leiar i valkomiteen, Brit, la fram valkomiteen sitt forslag til nytt styremedlem og vararepresentantar, delegatar med varamedlemmer i rekkefølge til fylkesårsmøtet, ny valkomite og revisorar. Årsmøtet slutta seg samrøystes til alle forslaga.
Det nye styret vart slik:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Jorunn Vestre – kasserar – valt for to år
Torill Sandvik – styremedlem
Marit Abelvik – styremedlem – valt for to år
Arna Øvrebust – varamedlem – valt for eitt år
Ingebjørg Vestre– varamedlem – valt for eitt år
Så var det tid for ei matøkt, og praten gjekk lett. Det syner kor kjekt det er at livet er i ferd å “normalisere” seg, og vi kan kome saman att og ha det triveleg. Fylkesfadderen vår hadde forfall og ingen av dei to andre kunne møte, så Anna Margrethe (som også er fylkesfadder) gjekk gjennom fadderpresentasjonen. Alle deltakarane fekk den også i papirutgåve.