Løsetnakken
Ved selet. Skogen står grøn og fin etter forsommaren i april. Men vinteren tok nytt grep med snø.
12. mai 2019 Mental Helse Fjord

Vekas tur til Løsetnakken

Dette er eit turopplegg som Stordal og Norddal kommunar samarbeider om. Vi i Mental Helse stod for første turen som gjekk til Løsetnakken, ei gammal seter i Stordal som ligg ca 400 moh.

Lunete ver i mai med snø, sludd, nattefrost og lite gledelege vermeldingar uroa oss. Kanskje måtte ein vasse i snø til knes mot slutten av turen? Men veret laga seg. Det datt ikkje ned meir kleimete snø. Frammøte var ved hovudvegen, parkerte på romsleg lunneplass og vandra på traktorvegen som buktar seg i lange sløyfer opp lia. Ein og anna snøklatten klamra seg fast på vegen men hindra ikkje vandrarane.

Det var retteleg fint å vere turfolk oppover lia denne ettermiddagen. Ved slutten av traktorvegen på ei gammal høyløe heng kassa for Stikk-ut-posten. Dei som ville, registrerte seg på posten før turen gjekk vidarevopp setervollen i snø. Turfolket følgde råsa i snøen, der Karl tidlegare på dagen gjekk opp til selet, fyrte opp i omnen og tent lys på bordet. Retteleg koseleg å komme inn i det oppvarma selet som har to rom, sette seg ned, få ein velfortent pause og ete nista si. Ekstra kjekt var det å få fortalt historia til denne setra. Fire bruk på Løset og Vad har seterhus som ligg omlag på rekke i øvste kanten av sætervollen. Fjelltoppen over stølen heiter Grigåshornet og har namnet sitt knytta til eit sagn då svartedauden herja i Stordal. Takk til Karl og Anne Berit for god velkomst på setra. (Foto: Anne Berit Løset)

Eine bildet under er frå turen opp lia på traktorvegen. Dei to andre er frå romma i selet.

Flere saker fra Mental Helse Fjord