Grunna metersavstanden var vi spreidde over eit stort område, og bildet er eit utsnitt frå lokala.
5. feb 2022 Mental Helse Fjord

På leiarmøte

Laurdag 29. januar var vi på leiarmøte i Molde.

Alle lokallaga vert kalla inn til leiarmøta. Det ligg i namnet at møtet er primært for leiarane og tillitsvalde i lokallaga som gjerne har best oversyn over lokallaget sitt. Leiarmøta er arena for utveksling av bl.a. erfaringar og det å skape nye kontakter. Såleis er “Nytt frå lokallaga” fast tema, der lokallaga fortel om det viktigaste dei har arbeidd med, og ein kan stille spørsmål og få idear til nye aktivitetar i eige lokallag. Ikkje minst er det fint å kunne treffe nye tillitsvalde i lokallaga, inkludere dei og danne nettverk. Denne gongen møtte representantar frå seks lokallag.

Møta vert også brukt til å dele viktig informasjon. Såleis vart det informert om YAM som fylkeslaget er i full gang med å gjennomføre i ungdomsskular i fylket. For eit par år sidan vart det oppstart med Kristiansund som pilot. No står ungdomsskular i Giske og Molde for tur. På årsmøtet 2021 vart det løyvd 200.000 kroner av fylkeslaget sine midlar til formålet. – På Mental Helse si nettside kan du lese meir om YAM.

Over lang tid har fylkeslaget jobba med å styrke brukarrepresentantane, og har fått midlar av Mental Helse sentralt til å ha samling og kurs samt danne nettverk. Fylkeslaget og FFO Møre og Romsdal samarbeider om opplegg og planlegg samling 18. og 19. juni.

Organisasjonsrådgjevar Sølvi Hagen informerte om Stiftelsen Dam og dei ulike ordningane ein kan søke tilskott frå. Her tek eg særleg fram Ekspress. Denne ordninga har relativt enkelt søknads- og rapporteringsopplegg der ein kan søke om mellom 5.000 og 40.000 kroner til f.eks. treningsgrupper og aktivitetar. Søknadene vert behandla fortløpande.

Frå vårt lokallag møtte Jorunn og Bjørg saman med Anna Margrethe som også er frå fylkesstyret. (Foto: Åshild)

Flere saker fra Mental Helse Fjord