Vi sender dei beste helsingar til kvar og ein av dykk!
24. des 2021 Mental Helse Fjord

God jul til deg!

Så er vi på veg inn i julehøgtida, og om nokre dagar skal døra til året 2021 latast att og få plass i minna.

Når eit år er omme, er det ofte kjekt å ta eit tilbakeblikk over det ein har opplevd. Artiklane på nettsida vår om det vi gjorde i 2021, kan også vere positive å ta med i denne “oppsummeringa”. Kanskje kan dei inspirere oss til nye og fleire aktivitetar i komande år. 9. november 2006 vart laget vårt stifta, og Mental Helse Stordal har såleis runda 15 år.

Takk til kvar og ein av dykk for innsatsen og samarbeidet i året som ebbar ut. Styret ser fram til vidare godt samarbeid og mange triveleg samvær i det nye året vi står på terskelen til.

Dei beste ønskje til alle medlemmene og samarbeidspartnarane om fine og gode juledagar!

Flere saker fra Mental Helse Fjord