Triveleg julebord på Blåtind
Med ti kalde grader i lufta og knasande snø under skoene med snøkledd skog rundt ligg alt til rette for julestemninga.
Vi har vorte vande med virus og tiltak. Heldigvis sette korkje covid eller mutanten omnikron stoppar for gjennomføringa av julebordet i år. Kjekt for oss tjuetre å få sitte med normal avstand ved eitt langbord i år. I fjor var det ein meters avstand og spreiing på to bord. I tillegg har dei fleste fått si tredje vaksinedose også.
Kjekt å kome saman att, treffe kjende og slå av ein prat. Marit ønskte oss velkomne og losa oss gjennom kvelden og det som skjedde. Ole på Blåtind bles i konkylien for å verte høyrd og fortalde at kokken er 27 år med 20 års praksis, kjem frå Litauen der han har nådd svært langt opp i kokkeverda, og at vi vil få litauisk julemat. Spennande.
Elin Dyrkorn bidro med musikalske innslag og hadde med fele og gitar. Utover kvelden spela ho på gitaren og sang, og vi hadde også allsang med kjende juleviser. Ho slo også til med kjende folketonar på fela så det rykte i føtene til tilhøyrarane. Vi naut den velsmakande fire-rettars middagen. Utover kvelden var det fin veksling mellom prat, musikkinnslag og allsong. Og som det bør vere i slike lag då alle var vel forsynte, takka Einar for maten før vi avslutta med “Deilig er jorden”. Vi hadde god tid, sat vidare og let praten gå ei god stund til før vi braut opp og fann vegen heim att i vinterkvelden.