Viktig å verte kjende med kvarandre
Fredag 29. oktober markerte frivilligsentralen i Norddal at den er i funksjon att. Vi tok turen innover.
Frivilligsentralen i Norddal er no samlokalisert med biblioteket, og har romslege og gode lokale. På onsdagane er lokalet ledig heile dagen for aktivitetar i regi av frivilligsentralen eller frivillige. Lokalet kan også nyttast etter avtale på kveldstid og i helgane.
Frå lokallaget vårt var vi tre som tok turen inn til Valldal. Vi meiner det er viktig å verte kjend med dei lengre inne i fjorden; vi bur i same kommune og skal jobbe saman til beste for alle i den nye kommunen Fjord. Det vart servert kaffi og kake, og orientert om praktiske ordningar vedkomande frivilligsentralen/biblioteket, samt bl.a. om Seniortreff i Valldal som arbeider godt, at det er innkjøpt ein 7-sæter-bil som kan nyttast til transport ved frivilligsentralane, det skal inviterast til møte om “Leve heile livet” i både Eidsdal, Valldal og Stordal, behov for sykkelpilot for å ta bebuarane ved institusjonane ut på tur, behov for leksehjelp og lesehjelp. Det vert gitt opplæring til dei som er interesserte. Interesserte kan melde seg til frivilligsentralane.
Har ein spørsmål eller ønskjer å få lagt inn aktivitetar på kommunen sin aktivitetskalendar er det berre å ta kontakt på frivillig@fjord.kommune.no.
Elles utveksla vi tankar om at vi kan møte på aktivitetar som skjer i dei ulike delane av kommunen og verte betre kjende både til glede og nytte. Med andre ord knytte oss meir saman i den nye kommunen.