Stien strekte seg i svake bukter og i små bakkar mellom bebyggelsen og fjorden. Ti glade vandrarar i friskt haustver.
26. okt 2021 Mental Helse Fjord

Haustdag ved Borgundfjorden

Nedanfor sjukehuset på Åse og utover til Bogeneset ligg ein sti ved fjorden som lokka til tur.

Siste veka var raus med blankt nedbør i låglandet. Elvane vaks opp, hasta avgarde med frådande vatn mot fjorden, breia seg ut og roa seg ned. På vegane fylte vatnet opp holer og hjulspor. Bilhjula laga kaskadar av dusj. Heldigvis roa regnet seg ned laurdag og sundag. Håpet vart tent om brukandes ver på måndagen – turdagen vår.

Turmålet var den fine turstien langs Borgundfjorden, godt til rettelagt for alle – rullestolbrukarar, barnevogntrillarar og gåande. Nedanfor sjukehuset, mot fjorden, ligg parkeringsplass for turgåarane.

Inne i fjorden var det regnfritt då vi reiste heimanfrå. Ute i fjorden over Sulafjellet låg tjukt, grått skylag og lurte med regn. Men vi er i slutten av andre haustmånaden og må rekne med skiftande haustver; det har sin sjarm og veret er alltid spennande. Kledd for haustver, er det berre å dra glidelåset godt opp i halskragen, trekkje hetta over hovudet og nyte dagen. På turen kom vi i prat med “byingar” og fekk orientering om stien og fine kvileplassar med benkar. Triveleg å vandre med utsikt mot fjord og taggete fjell som strekkjer seg mot himmelen i bakgrunnen. Inn mot land kom eit par små motorbåtar og vi passerte ein marina. Tankane gjekk mot sommaren som skal komme. Plan vart lagt for å komme tilbake med niste og nyte dagen ved fjorden.

Flere saker fra Mental Helse Fjord