Melemsmøte april
Vi kosa oss med quiz, diktlesing og triveleg prat denne aprilkvelden.
15. apr 2019 Mental Helse Fjord

Medlemsmøte i april

Ein merkar at våren er på veg, sjølv om den kalde vinden bit i nase og øyre. Det ser ut som om mange av medlemane enten held seg innandørs idet kalde veret eller står på hovudet i eit eller anna blomebed.

Vi andre hadde eit par trivelege timar saman rundt bordet på Frivilligsentralen med quiz, dikt og frukt. Jorun hadde ordna med quiz og delte eit dikt om alderdomen med oss. De kan tru vi kjende oss att.

Det underlege er at vinkelen på trapper og bakkar endrar seg heile tida, den vert stadig skarpare. Ungdomen vert heile tida yngre, mendan vi er evig unge. Berre når vi tek på oss gode briller og ser oss i spegelen møter vi røynda, men inni oss er vi framleis like unge som då vi var 20. Tru det den som kan! (Tekst og foto: Alfhild Midtbust)

Ha ein fin vår alle saman.

Flere saker fra Mental Helse Fjord