Eit par av oss frå Mental Helse Stordal
12. feb 2019 Mental Helse Fjord

Fakkelmarkering mot helsekutt

Ein gjeng frå lokallaget vårt stilte på fakkelmarkeringa ved Ålesund sjukehus måndag 21. januar. I frykt for dårlegare helsetilbod samla fleire hundre seg frå heile Sunnmøre til markeringa.

Av dei ni appellantane hadde ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, ordet først. Ho tok fram at det er forståing for at ein må omstille, men etter årevise omstillingar for hundrevis millionar kroner kan ein spare seg til fant. Grensa for effektivisering og rasjonalisering er nådd.Frå sine ståstadar sa også dei andre appellantane si meining. Spørsmålet er om Møre og Romsdal får tilført dei nødvendige helsekronene dei bør få.

Flere saker fra Mental Helse Fjord