Tilbake ved utgangspunktet for turen var det kjekt å "henge seg nedpå" nokre tømmerstokkar.
28. sep 2021 Mental Helse Fjord

På nye vegar

Denne turen er ny for alle unntatt for ho som kom med forslaget. Alltid kjekt å prøve noko nytt.

I ein lang periode har det vore arbeidd med kraftutbygging i Vaksvika. Oppe i bygda vert elvevatnet leia inn i ein nybygd dam. Derifrå renn vatnet vidare i rør, og vert lengre nede i bygda omdanna til elektrisk energi før det slepp ut i fjorden. Frå hovudvegen er det fin anleggsveg ned til demninga. Den går vidare nedover bygda parallelt med elva i høgreist granskog. Ein god turveg å vandre på i fint landskap. I området er det mykje hjort, men i dag passar han seg for dei tobeinte som luffar på vegen. På bortsida av elva ligg fine grøne marker på rekkje og rad nedover dalen.

Almanakken fortel at det er 26. september. Første haustmånaden går mot slutten, men gjev oss 19 varme grader i Vaksvik-sol. Herleg å slentre i vekslande tempo med pratestans her og der ein slik haustdag. Vi har mange tema det skal delast tankar og meiningar om. God haustvarme gjer at påkledninga må lettast på. Sleppe inn den gode varmen. Nyte han. Sauene som har kome heim frå fjellet beitar ivrig på markene ved enden av vegen. Nokre av dei ser litt irritert på hunden Leo som ikkje ensar dei. Vi gjer vendereis og luffar tilbake mot demninga og opp att til hovudvegen. På nokre nedhøgde trestammar hengjer vi oss nedpå, set til livs nista og nyt dagen til fulle.

Flere saker fra Mental Helse Fjord