Ein liten pause i serveringa. Oppladning til ny praterunde.
24. sep 2021 Mental Helse Fjord

Til seters

Vi gjekk ikkje over bru med troll under slik dei tre bukkane Bruse gjorde. Inga elv kryssar vegen til Vestresætra.

Lyden av husdyr har tagna for lenge sidan på Vestresætra. Vemodig – berre minna er att om sæterlivet som kunne vere slitsamt og tungt. Men det var litt spesielt og hadde mykje positivt i seg. I helgane tok mange ungdommar turen opp til setra, og kveldane vart fylt av masse liv og moro.

Fint å gå på grusveg frå Massplassen opp til Vestresætra. Greitt å køyre opp også. Regndropane hang rundt oss, men var snille mot oss. Vel framkomne, var det triveleg å komme inn i ei lun hytte etter oppfyring av Arna som kom tidlegare. Gjengen på elleve spreidde seg litt rundt i hytta. Nysteikte sveler, lefser, sitronkake, twist og den sunne delen – frukt – gode druer i uvanleg stor størrelse gjekk ned saman med kaffi og te. Som bukkane Bruse gjekk vi også til seters og fekk godsaker.

Praten gjekk lysteleg utan ordstyrar. Her var det berre å hive seg på og vere med på å få opp lydmålaren sine desibel. Tema hadde vi nok av. Orda blanda seg til ein dur med vekslande styrke lik ein humleflokk i svingande flukt. Dersom nokon hadde passert hytta, hadde dei fått ein kraftig støkk av lydnivået. Men – herleg å kome saman att under meir normale forhold enn under koronatida. Takk til Arna for at vi fekk komme på hytta i år også! (Foto: Jorunn og Anna Margrethe)

Flere saker fra Mental Helse Fjord