Styresamling og valkomiteoppstart
Sist helg gjennomførte fylkesstyret styresamling, også kalla “Bli-kjent-møte”. Fylkeslaget si valkomite kom også saman og begynte på arbeidet sitt.
Etter gjennomført fylkesårsmøte er det vanleg at det nye styret kjem saman for å verte betre kjende med kvarandre. Første hadde vi ein kort gjennomgang av styringsdokumenta: Vedtektene (“lovene” våre), samfunnspolitisk program (som fortel kva vi vil jobbe for), strategi (handlar om systematisert og god organisasjonsopplæring) og handlingsplan (prioriteringar). Skal vi gjere ein god jobb i alle ledd, er kunnskap om organisasjonen og det den står for viktig.
Resten av samlinga jobba styret og fylkeslaget si valkomite i hovudsak kvar for seg. Valkomiteen sette seg inn i retningslinjene for valkomiteen vår sitt arbeid og drøfta blant anna om det var behov for endringar. Vidare la dei planer for arbeidet sitt framover.
Organisasjonsrådgjevar Sølvi hadde gjennomgang av strategiheftet med oss. Strategiheftet vart først utarbeidd hausten 2011 og har sidan vorte revidert årleg i takt med endringar som har vorte gjort. Det omtalar oppgåver og ordningar som er vedtekne i fylkeslaget og er meint som eit hjelpemiddel for styremedlemmer og fylkessekretæren i arbeidet. Årshjulet vårt bygger m.a. på strategiheftet.
Vi jobba også med handlingsplanen for Mental Helse Møre og Romsdal, der vurderte vi kva som bør prioritere i vidare arbeid. På kvart styremøte er gjennomføring av handlingsplan viktig og fast tema.
Frå MH Stordal deltok Marit som er leiar for valkomiteen på fylkesplan og Anna Margrethe som er medlem i fylkesstyret og studieleiar.
(Foto: Åshild og Anna Margrethe.)