I tråd med reglane heldt vi avstand og fekk lagt opp maten på fata.
20. sep 2021 Mental Helse Fjord

Endeleg haustfest

Etter alle utbrota i nærmiljøet hang coronaen som ei truande sky over oss. Men klarsignal kom og vi møttest.

I åresvis har vi hatt haustfest i Stavåna, men der er det uråd å halde ein-metersregelen, og ingen aktuell plass no. Ein fin augustdag for nokre år tilbake dekka vi til fest i hamna med fiskesuppe på menyen. Utrøna tok fatt både i pynten og dekketyet. Vi bles rett inn på frivilligsentralen. Og her har vi det triveleg i år som før.

Vi var 20 som kom saman i glede over å kunne samlast att, prate og ha det kjekt. Ikkje nødvendig med program for praten gjekk lett og lystig ved borda. Litt stilna han medan sigøynerkotelettar med tilbehør vart sette til livs. Så vart lyden skrudd opp igjen fram til kaffien og karamellrullen vart fortært. Slik det alltid er i godt lag.

Flere saker fra Mental Helse Fjord