Skogens gull
Tradisjonen tru, drog vi på bærskogtur og fylte byttene med raudt gull.
Plukkinga tek vi som heildagstur, rustar oss med plukkarar og bøtter, niste og drikke. I skogen skal vi ha tid til å kose oss og ha det sosialt, ikkje berre plukke bær. Men så er det slik at når synet av raude tyttebær lyser frå grøne lynget, er det vanskeleg å ta pause før bøtta er full. Har nesten ikkje tid til å rette ryggen heller. Kjekt å høyre trillande bær roe seg i bytta, kjenne på samspelet med naturen. Mest som bæra ropar etter å verte plukka, verte til nytte for nokre munnar til vinteren, i staden for å visne og gå tilbake til joda.
Veret var på vår side medan vi fylte bøttene. Vi bestemte oss for å avslutte og køyre til kroa og kjøpe velfortent middag med karamellpudding til dessert før returen heim att. Då fall regndropane – godt tima.