Vi var tylfta full irekna den usynlege fotografen. Tok ein liten pause før siste etappe vart gjennomført. I bakgrunnen ligg skisenteret klart til å ta mot snøen som vil komme til glede for ivrige alpinistar.
2. sep 2021 Mental Helse Fjord

A pied frå Seljebotn til Langsætrane

Vår årlege fine vandretur på knappe 10 kilometer frå Seljebotn til Langsætrane har fast plass på aktivitetslista vår.

Vi har ein litt lei tendens – studerer veret før turane sjølv om vi i vår alder bør vere glade for nokre regndropar i ansiktet – særleg dersom dei hadde fungert a la botox. Nokre var rusta med regnty som det ikkje det vart bruk for. Berre å ta fatt på turvegen i Seljebotn. Tempoet kan vere både ujamt og ulikt. Somme tider vart det stans og gode diskusjonar. Andre stogg kunne vere for å suge inn naturen og nest siste sommardagen. Litt vemodig at endå ein sommar straks er over.

Nokre gjekk oss i møte frå Langsætrane, og vi var ein fin gjeng som inntok hytta til Karen som diska opp med kaffi og kaker. Med åra har det vorte ein triveleg tradisjon å samlast hos henne, på verandaen eller inne.

Flere saker fra Mental Helse Fjord