Gjennom regndropane på gondolvindaugaet såg vi sentrum vart fjernare og fjernare.
30. aug 2021 Mental Helse Fjord

Med Romsdalsgondolen til topps

Fasinerande å sjå dei tre strengane som er motorvegen opp til Romsdalseggen.

Vi kom i lag med ein gjeng på 150 som også skulle ta turen opp. Vart litt redde for at det ville verte trangt om plassen, men det ordna seg. Gondolen klatra jamt og stilt på dei tre strengane medan vi saug inn utsikta etter kvart som vi nådde meir og meir til himmels. På tre andre strengar seig ein gondol roleg nedover.

I restauranten var det fint dekka til den talrike tur-gjengen. Veret var ikkje slik vi hadde ønskt, men vi gjekk ut, passerte plassen for uteservering, gjekk opp ei jerntrapp, rusla vidare på jernbruer som førte oss ut i terrenget med grusa stiar. Regnet roa seg, skodda snodde seg rundt fjelltoppane, reiv seg av og vart borte. Ovanfor oss velta ho grå og tjukk gjennom eit lite skar og løyste seg opp. Det heile var trolsk og vakkert med dalane og fjella som vekslande rista av seg skodda, vart synlege, så sveipa inn i grått att.

Fire av oss gjekk til Rampestreken i 2019, ein flott tur, men noko meir strevsamt enn dagens tur. Herifrå tek det 20 minutt å gå ned til Rampestreken, stod det på eit skilt. Den turen vil vi ha til gode.

Flere saker fra Mental Helse Fjord