Digitale møte på agendaen
Fylkeslaget inviterte til desentralisert kurs om digitale møte, og fire frå lokallaget vårt deltok.
Koronaen og nedstenginga av samfunnet sette fart i bruk av digitale møte som eitt av tiltaka for å halde samfunnet i gang. Vi har lært at når vi ikkje kan ha fysiske møte, er digitale møte ei god løysing for at arbeidet ikkje skal stanse opp.
På første del av kurset var vi samla på Sjøholt, der også seks frå lokallaget Skodje/Ørskog deltok. Stig var kurshaldar med Irene som assistent. Vi fekk kjennskap til digitale verkty og kunnskap om korleis vi skal delta på digitale møte og kva vi skal vektlegge. På kurset fekk vi planlegge og invitere til digitalt møte med øving.
Nokre dagar seinare var alle samla digitalt til repetisjon og vidare kursing. Vi var delt i to grupper som fekk øve på invitasjon, ta mot invitasjonen og bli med i møtet. No er det opp til oss som har vore på kurset å øve vidare og bruke kunnskapen.