Vakre blomster pryda Sjøfronten med visse mellomrom.
27. aug 2021 Mental Helse Fjord

Haustens første tur til Sjøfronten i Molde

Kan noko verte likare enn ein vandretur i Rosenes by?

Sjølvsagt promenerte vi på Sjøfronten – fint tilrettelagt for både vandrarar og dei som vil sette seg ned på ein av alle benkeplassane på strekninga frå ferjeleiet og utover forbi Seilet. Sitte og nyte vakre landskapet med ferjene som kvilelaust kryssar fjorden frå Vestnes.

Bygningane bak oss vender også blikket utover. Det er bygt nokre «utløparar» ut i fjorden, dekorert med flotte blomsterarrangement. Dei er ein vakker by verdig. Passert Seilet, returnerer vi mot Storgata og sentrum. Etter ein god middag dukka butikkrundeenergien fram. Herleg å luffe rundt i vår vakre Romsdalsby og nyte det den byr på.

Flere saker fra Mental Helse Fjord