Finale
Siste turen vår i første halvåret la vi til Bedringens veg. Den niande turgåaren er fotograf.
1. jul 2021 Mental Helse Fjord

Finale i Valldal

Siste turen vår i første halvår la vi til Valldal, og vergudane serverte topp sommarver.

På tampen av første halvåret la vi opp til ein serie med turar på gang- og turstiar med blikk for naturen rundt og gjorde oss også meir kjende i nokre tettsentra. Serien begynte med Elvaforbygninga i Stordal – ein sti langs elva i veksling av skog med fuglekvitter og ope landskap. Deretter gjekk turen til Sjøholt og sjølvsagt vandra vi på den fint tilrettelagde Elvastien med Jørund sine figurar for deretter å ta ein tur til byggefeltet på den gamle fotballbana – og rusla vidare til Måsøyra og den fine marinaen.

Romsdalen lokka, og Vestnes var neste mål. Å følgje vegen nærast stranda utover frå tidlegare hurtigbåtkai mot Hagneset ned til fjorden med utsikt til Molde – og tilbake over høgda ved kyrkja – ga mange fine inntrykk. På denne turen gjekk vi over dei to eldste av dei tre bruene som ligg parallelt i sentrumsområdet. Som vanleg tek vi ferie i juli, og punktum for turserien sette vi i Valldal siste måndagen i juni. Rusla rundt og praten kom inn på både Heilag Olav, kloster og “ormen” i fjellsida før vi tok fatt på Bedringen veg. Triveleg å spasere til kvilelaus elvesus, stanse her og der og lese forslag til øvingar på turen. Kjekt med alle benkane, der ein kan “henge seg nedpå” og nyte naturen. Vi avslutta siste turen i årets første halvår med kaffi og godsaker til, toppa med softis i solvarmen.

Flere saker fra Mental Helse Fjord